HELSENORGE

Open dag om jordmorutdanning

Møter og administrativt, 21.02.2018, Føde og barsel Haugesund

Vil du ha nye utfordringar og fagleg utvikling som sjukepleiar? Velkommen til open dag der du får lære meir om vidareutdanninga som jordmor.

– Vi håpar sjølvsagt mange vil komme. Det er nok at du er nysgjerrig og vil vite meir, du treng ikkje vere sikker på at du vil søkje vidareutdanning.

Det seier Sidsel Petrine Vetås, seksjonsleiar for føde og barsel ved Haugesund sjukehus.

–  Det skal vere triveleg og enkelt, med prat og kaffi. Du får treffe ei nyutdanna jordmor som fortel om utdannninga og kvifor ho ville bli jordmor, og HR-avdelinga kjem for å informere om stipendordninga for dei som vel å ta vidareutdanning, seier Vetås. 

Ho vil sjølv vere tilstades under open dag, saman med fagutviklingsjordmor. 

– Viss det er ei ledig fødestove, vil vi ha ei omvising på fødeavdelinga også. 

Velkommen!

Føde Haugesund - februar 2018 - foto Eirik Dankel_27-nett.jpg

Når og kor

Dato
21.02.2018 
Klokkeslett
12:00-14:00
Stad
Haugesund sjukehus
Møterom, føde/gyn, 3. etasje
 
Arrangør
Føde og barsel Haugesund
 
Kontaktinformasjon
Sidsel Petrine Vetås, seksjonsleiar. Tlf: 911 32 214
 

Det er inga påmelding, bare møt opp.

Fann du det du leita etter?