Multippel Sklerose (MS) kurs, september 2021

Kurs for pasientar med Multippel Sklerose og deira pårørande.

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

For å delta treng du tilvising frå lege. 

Eigenandel tilsvarande ein poliklinisk konsultasjon vil belastas (faktura) om du ikke har nådd opp til beløpet for frikort.


Dette er eit kurs for deg som nyleg har fått diagnosen MS. Det er venteliste for kursa, og vi minner om at du treng tilvising frå lege for å delta. Du vil, etter at tilvisinga er behandla, få tildelt spesifikk dato for kurset du blir sett opp på.

For å betre kunne meistre kvardagen med MS tilbyr nevrologisk avdeling eit undervisningsopplegg om MS i samarbeid med lærings- og meistringssenteret. Kurset inneheld bl.a informasjon om sjukdommen- og dens forløp, innlegg av brukarrepresentant og brukarforening, informasjon om aktivitet og trening samt rettighetar/sosiale stønadar.

Vi gjer merksam på at kurset foreløpig er tenkt å arrangerast fysisk, med forbehald om at covid-19 smittesituasjonen tillet det. Kurset vil i så tilfelle gå over to dagar, i leigde lokaler ved Haugesund Sanitetsforenings Revmatismesjukehus (kursrom 103, i 1.etg).


Brukarorganisasjon/forening:
MS-forbundet er en partipolitisk uavhengig og religiøst nøytral interesseorganisasjon av og for personar med multippel sklerose. Heimesidene deira finn du her: https://www.ms.no/