Multippel sklerose (MS) kurs juni 2018 Haugesund

Kurs , 08.06.2018-13.06.2018 , Lærings- og meistringssenteret

Kurs for pasientar med Multippel Sklerose og deira pårørande.

For å betre kunne meistre kvardagen med MS tilbyr nevrologisk avdeling eit undervisningsopplegg om MS i samarbeid med lærings- og meistringssenteret. Kurset går over to dagar.

Kurset inneheld bl.a informasjon om sjukdommen- og dens forløp, innlegg av brukarrepresentant og brukarforening, informasjon om aktivitet og trening samt rettighetar/sosiale stønadar.

Vi gjer merksam på at kurset går over to dagar; 08.06.18 og 13.06.18, og grunna byggearbeid på Haugesund Sjukehus vil all kursvirksomheit skje i kursrom 103, i 1.etg på Haugesund Sanitetsforenings Revmatismesjukehus.

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta



For å delta treng du tilvisning frå lege. 

Eigenandel tilsvarande ein poliklinisk konsultasjon vil belastas om du ikke har nådd opp til beløpet for frikort.

Når og kor

Dato
08.06.2018-13.06.2018 
Klokkeslett
11:00-15:00 
Stad
I byggeperioden til Haugesund Sjukehus vil alle LMS-kurs arrangerast ved leigde lokaler hos Haugesund Sanitetsforenings Revmatismesjukehus.
 
Arrangør
Lærings- og meistringssenteret
 
Meir informasjon
lms.haugesund@helse-fonna