HELSENORGE

Multippel Sklerose (MS) kurs, 2022

Kurs for pasientar med Multippel Sklerose og deira pårørande.

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

For å delta treng du tilvising frå lege. 

Eigenandel tilsvarande ein poliklinisk konsultasjon vil belastas (faktura) om du ikke har nådd opp til beløpet for frikort.


Innhald

Dette er eit kurs for deg som nyleg har fått diagnosen MS. Det er venteliste for kursa, og vi minner om at du treng tilvising frå lege for å delta. Du vil, etter at tilvisinga er behandla, få tildelt spesifikk dato for kurset du blir sett opp på.

For å betre kunne meistre kvardagen med MS tilbyr nevrologisk avdeling eit undervisningsopplegg om MS i samarbeid med lærings- og meistringssenteret. Kurset inneheld bl.a informasjon om sjukdommen- og dens forløp, innlegg av brukarrepresentant og brukarforening, informasjon om aktivitet og trening samt rettighetar/sosiale stønadar.

Program

På kurset går vi gjennom relevante tema som: 

Dag 1
  • Kva er MS?
    • Kva for symptom gir sjukdommen?
    • Korleis stilles diagnosa?
    • Kva blir det forska på, og kva finn man ut?
    • Kor kan eg finne informasjon om forsking?
  • Medisinsk behandling
    • Ulike typar MS
    • Virkningar og bivirkningar
  • Kan vi forebyggje og bremse utviklinga?
  • Samliv og seksualitet
    • Å leva med MS
    • Pårørande
  • Mage/tarm ved MS

Dag 2
  • Erfaringsinnlegg 
  • Informasjon frå MS foreninga på Haugalandet
  • Trygderettigheiter og arbeid
  • Aktivitet og MS
    • Kvifor og korleis kan ein trene?

Innlegg på kurset vert halde av nevrologisk sjukepleiar, nevrologisk lege, urologisk sjukepleiar, sosionom, fysioterapeut og brukarrepresentant. Det vil leggjast til rette for drøfting og erfaringsutveksling på kurset. 

Praktisk informasjon

Kurset går over 2 dager på dagtid. Det vil leggast opp til diskusjonar i gruppe og i plenum.

Pårørande er hjartelig velkomne på kurs, og oppfordrast til å delta på heile kurset.

Det blir servert kaffi, te og litt frukt på kurset. Lunsj kan enten tas med eller kjøpast i kantina på sjukehuset i 6.etg.

Informasjon om overnatting, reise, eigenandel m.m. finner du her .



Nyttig informasjonsmateriell frå kurset

Kjem..

Gode nettsider


Brukarorganisasjon/forening:
MS-forbundet er en partipolitisk uavhengig og religiøst nøytral interesseorganisasjon: https://www.ms.no/

Multippel Sklerose Forskningsgruppen Oslo - Startside | Facebook

Podcast: En podcast for alle som er berørt av MS | MSpodden