Dette er eit kurs for nydiagnostiserte med tarmsjukdommen Morbus Crohn og deira pårørande. Det er venteliste for kursa, og vi minner om at du treng tilvising frå lege for å delta.
Du vil, etter at tilvisinga er behandla, få tildelt spesifikk dato for kurset du blir sett opp på.
Kurset er meint å gi
deg som pasient og dine pårørande økt kunnskap om diagnosen. Vi ønskjer å gi gode kosthaldsråd, råd vedrørande aktivitet og avspenning, rettighetar/sosiale stønader og erfaringsinnlegg frå pasient som har levd med sjukdommen over ei tid.
Vi gjer merksam på at kurset går over to dagar, og grunna byggearbeid på Haugesund Sjukehus vil all kursvirksomheit skje i kursrom 103, i 1.etg på Haugesund Sanitetsforenings Revmatismesjukehus.