"Livet med LAR" - introduksjonskurs

Kurs , 15.10.2018-03.12.2018 , Lærings- og meistringssenteret

Dette er eit introduksjonskurs for deg som deltek i LAR og som ønskjer meir kunnskap og informasjon for å nyttiggjere deg tilbodet.

Målgruppe:

Kurset er eit tilbod til LAR-pasientar i Helse Fonna. Aktuelle deltakerar får invitasjon frå sin kontaktperson i oppfølgingsteneste for rus i sin kommune. Du må minimum ha vore tre månader i LAR-programmet og samstundes ha ei god rusmeistring for å kunne delta.

Kvifor delta?

Kunnskap og informasjon knytt til ein varig sjukdom kan gjere kvardagen lettare å meistre. Meistring handlar om opplevinga av å ha krefter nok til å møte utfordringar og samstundes ha følelsen av kontroll over eige liv.

På kurset vil du få informasjon frå fagfolk som har kunnskap om ulike tema som er aktuelle for deg som LAR-pasient. Du vil også få møte andre i same situasjon som deg og få moglegheit til å dele erfaringar og hente tips frå andre.

Formål

  • Gi deg som LAR-pasient meir kunnskap og informasjon slik at du kan nyttiggjere deg av tilbodet du får
  • Gi gruppa moglegheit til å dele kunnskap, råd og erfaringar med kverandre som kan vere nyttig under rehabiliteringa.

Tema

  • Hepatitt C – utgreiing og behandling
  • Medisiner og bivirknader
  • Fysisk aktivitet
  • Avhengigheit generelt og retta mot hasj spesielt
  • Meistring av angst og depresjon
  • Å arbeide for personlege mål – kva er recovery for deg?
  • Nettverk og samver med barn
  • Verktøy for kriseplan og meistringsstrategiar
Kurset byggjer på erfaringar frå tidligare kurs og tilbakemeldingar frå deltakarane. Det blir innlegg både frå fagpersonar og personar med eigenerfaring med rus og psykisk uhelse.

Med forbehold om endringar.

Praktisk informasjon

  1. Kurset går over 7-8 samlinger
  2. Tid: Måndager 13.15-15.00
  3. Stad: Strandgata 202- LAR Fonna, Haugesund
  4. Oppstart: 15.oktober 2018
Maks tolv deltakarar. Haugesund har ni plassar. Tre plassar er gitt til andre kommunar, eventuelt fleire ved venteliste til etter påmeldingsfrist.

Har du spørsmål?

Ved spørsmål eller ønskje om meir informasjon kan du ta kontakt med Oppfølgingstjenesten, rus i Haugesund kommune, telefon 950 08 744.

  • Brit Snefrid Øfeldt, Brit.Ofeldt@haugesund.kommune.no
  • Vivian Eliassen, Vivian.Eliassen@haugesund.kommune.no
Eller ruskonsulenten i din eigen kommune.

Påmelding innan 1.oktober til Brit Snefrid Øfeldt, telefon 950 08 74, Brit.Ofeldt@haugesund.kommune.no

Dei som får plass på kurset får melding om dette etter vurdering.

Samarbeidspartnarar

Kurset er eit samarbeid mellom Haugesund kommune, brukarrepresentant og Lærings- og meistringsenteret Psykisk helsevern og Tverrfagleg Spesialisert Behandling (TSB) /LAR, Helse Fonna.

Når og kor

Dato
15.10.2018-03.12.2018 
Klokkeslett
13:15-15:00 Oppstart 15.10.18. Kvar måndag klokka 13:15-15:00. 8 samlingar.
Stad
Strandgata 202- LAR Fonna, Haugesund
 
Arrangør
Lærings- og meistringssenteret
 
Kontakt
Ved spørsmål eller ønskje om meir informasjon kan du ta kontakt med Oppfølgingstenesten, rus i Haugesund kommune, telefon 950 08 744.

1. Brit.Ofeldt@haugesund.kommune.no 
2. Vivian.Eliassen@haugesund.kommune.no
 
Meir informasjon
Brit.Ofeldt@haugesund.kommune.no