Kurs i sinnemeistring, våren 2019, Haugesund

Kurs , 12.03.2019-18.06.2019 , Lærings- og meistringssenteret

Kjenner du nokon med vald eller aggresjonsproblem i nære relasjonar?
Sinnemestrings tilbodet i Helse Fonna byggjer på Brøsetmodellen. Tilbodet er ein del av regjeringa sin handlingsplan frå 2008 for hjelp til kvinner og menn som har sinne og valdsproblematikk i nære relasjonar.

Tilbodet består av 3 individuelle timar, som ei kartlegging av utfordringar, og innføring i behandlingsmodellen for deg som ynskjer å delta.

Kurset er vidare inntil 30 timar i gruppe, med læring av mestringsstrategiar og kognitiv terapi. Evaluering viser at dei aller fleste synes at gruppetilbod er nyttig, då ein kjenner igjen problematikk og lærer av andre sine erfaringar.

Denne våren er det kurs for menn med oppstart 12. mars kl.14.30-16.30 og deretter kvar tysdag til ca.18. juni på Bjørgene Undervisningssykehjem, Haugesund.

Det er nye kurs vår og haust. Hausten 2019 vert det oppstart av kurs for kvinner.



Tid og stad:

Dette er eit tilbod til alle kommunane i Helse Fonna sitt opptaksområde. Kurset vil bli gjennomført på Bjørgene undervisningssykehjem. 

Vi gjer merksam på at ein må ha tilvising frå behandlar for å delta.


Tilvising kan sendast elektronisk til:

Spesialisert behandling, Valen sjukehus v/ambulant sikkerhetsteam

Adresse:
Sjukehusvegen 23
5451  Valen       

Du finn meir informasjon om tilbodet på

http://www.sinnemestring.no/

Sjå også informasjonshefte om kurset (nettside og PDF)

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

Tilvising kan sendast elektronisk til
Spesialisert behandling, Valen sjukehus v/ambulant sikkerhetsteam

Adresse:
Sjukehusvegen 23
5451  Valen

Når og kor

Dato
12.03.2019-18.06.2019 
Klokkeslett
14:30-17:00 Kurset vil gå over fleire samlingar, frå medio mars til medio juni.
Stad
Bjørgene undervisningssykehjem,
Diktervegen 29, 5538 Haugesund
 
Arrangør
Lærings- og meistringssenteret
 
Kontakt
Sigrid Bøthun telefon 534 66557,
lms.psykiatri@helse-fonna.no

Espen Solheim, telefon 534 66466

Solveig Olsen, telefon 534 66467

Aase Borgen Haktorson, telefon 534 66414
 
Meir informasjon
sinnemestring.no  
lms.psykiatri@helse-fonna.no