Kurs i helsepedagogikk, Stord, september 2019.

Kurs , 12.09.2019-26.09.2019 , Lærings- og meistringssenteret

Kurs i helsepedagogikk er ein modul i det helsepedagogiske tilbodet hos FOUSAM. Målgruppa er tilsette og brukarar i spesialist- og kommunehelsetenesten som er engasjert i
helsefremjande og førebyggande arbeid, i gruppe- eller på individnivå.
Tid og stad:
Torsdag 12., 19. og 26. september 2019, ved Rehabiliteringssenteret, Stord.

Mål med kurset:
Helsepersonell skal legge til rette for helsefremjande og førebyggande arbeid i møte med pasientar og pårørande. I dette arbeidet er brukarane viktige samarbeidspartar i eit likeverdig og aktivt samarbeid, og vi ønskjer å sette fokus på korleis kunnskap blir til nytte og korleis vi kan spele på dei ulike ressursane folk har. Etter at kurset er ferdig vil vi at du skal kome heim med auka kunnskap og praktisk erfaring med å skape gode læringssituasjonar mellom brkerar og helsepersonell. Vi skal lære å gjere kvarandre gode!

Kurset vil legge vekt på:
•Helsefremjande tenking og pedagogiske verktøy
•Samarbeid mellom erfarne brukarar og helsepersonell
•At du tileignar deg haldningar, kunnskap og praktiske ferdigheiter i tillegg til tilrettelegging av gruppetilbod

Tips: Om ein ønskjer ytterligare fokus på formidling arrangerar FOUSAM ein eigen modul særskild for dette. (for meir info: www.fousam.no)

Påmelding:
Elektronisk påmelding via www.deltager.no innan 15. juni 2019. Avgrensa plasser. Kursavgift kr 600.

Når og kor

Dato
12.09.2019-26.09.2019 
Klokkeslett
09:00-15:00
Stad
Rehabiliteringssenteret, Stord.
Lønningsåsen 9
5417 Stord
 
Arrangør
Lærings- og meistringssenteret
FOUSAM ved fagleg nettverk læring og meistring. 
Innlegg frå
HVL, erfaringsformidlarar, LMS-team ved Helse Fonna, FOUSAM, folkehelsekoordinator Tysvær kommune 
Kontakt
Meir informasjon: Lærings- og meistringssenteret, Helse Fonna tlf. 52 73 29 40
 
Meir informasjon
Helsepedagogikk 2019 (lenke til påmelding) 
lms.haugesund@helse-fonna.no
INNHALD/PROGRAM

Samarbeid mellom brukarar og helsepersonell - roller i endring

•Brukarrolle, endra pasientrolle, samarbeid mellom brukarar og helsepersonell

•Å leve med helseutfordringar

•'mestringstreff'; eit verktøy for pasientkurs

•Samskaping / recoverykurs

•brukarmedverknad og rekruttering

korleis samhandle om læring og meistring?

Gode verktøy i møte med pasient og pårørande

•Introduksjon om kognitiv teori

•utvikling og presentasjon av erfaringsinnlegg

•Praktiske verktøy for kurs

•handlingsplan og smarte mål

•praktisk øving

Det gode møtet. Kommunikasjon og rettleiing

•kommunikasjon

•Helsefremmande samtalar

•gruppearbeid


Endeleg program for heile kurset blir sendt ut til deltakarane i god tid før kurset.