Kurs i helsepedagogikk, Haugesund, oktober 2020

Kurs, 15.10.2020-22.10.2020, Lærings- og meistringssenteret

Kurs i helsepedagogikk er ein modul i det helsepedagogiske tilbodet hos FOUSAM. Målgruppa er tilsette og brukarar i spesialist- og kommunehelsetenesten som er engasjert i
helsefremjande og førebyggande arbeid, i gruppe- eller på individnivå.
Tid og stad:
Torsdag 15, fredag 16. og torsdag 22. oktober 2020. 
Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester i Helse Fonna

Adresse:  Diktervegen 29, 5538 Haugesund

Mål med kurset:

Helsepersonell skal legge til rette for helsefremjande og førebyggande arbeid i møte med pasientar og pårørande. I dette arbeidet er brukarane viktige samarbeidspartar i eit likeverdig og aktivt samarbeid, og vi ønskjer å sette fokus på korleis kunnskap blir til nytte og korleis vi kan spele på dei ulike ressursane folk har. Etter at kurset er ferdig vil vi at du skal kome heim med auka kunnskap og praktisk erfaring med å skape gode læringssituasjonar mellom brkerar og helsepersonell. Vi skal lære å gjere kvarandre gode!


Kurset vil legge vekt på:

•Helsefremjande tenking og pedagogiske verktøy
•Samarbeid mellom erfarne brukarar og helsepersonell
•At du tileignar deg haldningar, kunnskap og praktiske ferdigheiter i tillegg til tilrettelegging av gruppetilbod

Tips: Om ein ønskjer ytterligare fokus på formidling arrangerar FOUSAM ein eigen modul særskild for dette. (for meir info: www.fousam.no)


Påmelding:
Elektronisk påmelding via www.deltager.no innan 15. juni 2020. Avgrensa plasser. Kursavgift kr 600.

Når og kor

Dato
15.10.2020-22.10.2020 
Klokkeslett
09:00-15:00
Stad
Utviklingssenteret for sykehjem og hjemmetjenester i Helse Fonna 
Adresse:  Diktervegen 29, 5538 Haugesund
 
Arrangør
Lærings- og meistringssenteret
FOUSAM ved fagleg nettverk for læring og meistring. 
Innlegg frå
HVL, erfaringsformidlarar, LMS-team ved Helse Fonna, FOUSAM, folkehelsekoordinator Tysvær kommune 
Kontaktinformasjon
Meir informasjon: Lærings- og meistringssenteret, Helse Fonna tlf. 52 73 29 40
 
Meir informasjon
Helsepedagogikk 2020 (lenke til påmelding) 
lms.haugesund@helse-fonna.no

INNHALD/PROGRAM

Samarbeid mellom brukarar og helsepersonell - roller i endring

•Brukerrolla i endring, samarbeid mellom brukerar og helsepersonell

•Å leve med helseutfordringar

• "mestringstreff"; eit verktøy for pasient- og pårørande kurs

•Samskaping / Recoverykurs

•Brukarmedverknad og rekruttering

•Korleis samhandle om læring og meistring?

Gode verktøy i møte med pasient og pårørande

•Introduksjon om kognitiv teori

•utvikling og presentasjon av erfaringsinnlegg

•Praktiske verktøy for kurs

•handlingsplan og SMARTe mål

•praktisk øving

Det gode møtet. Kommunikasjon og rettleiing

•kommunikasjon

•Helsefremmande samtalar

•gruppearbeid

Førebels timeplan, det kan kjeme endringar