Kurs for overvektsopererte, september 2018 Haugesund

Kurs , 05.09.2018 , Lærings- og meistringssenteret

Kurs for deg som er overvektsoperert og ønskjer meir informasjon om vegen vidare.

Dette er eit kurs for deg som nyleg har blitt overvektsoperert. Det er venteliste for kursa, og vi minner om at du treng tilvising frå lege for å delta. Du vil, etter at tilvisinga er behandla, få tildelt spesifikk dato for kurset du blir sett opp på.

Etter ein overvektsoperasjon vil ein oppleva mange endringar i livet, nokre er relatert til operasjonen og andre til vekttapet.

Mange opplever det som trygt og støttande å treffe andre i same situasjon. Vi ønskjer å legge til rette for erfaringsutveksling mellom deltakerane på våre kurs, og bruker derfor rikeleg tid på dette.

Det vil òg bli fokus på aktivitet og trening, ha derfor med gode sko slik at vi kan gå ein tur saman med fysioterapeut.

Kurset blir arrangert som eit samarbeid mellom kirurgisk avd., LMS Haugesund, LMS psykiatri og brukarorganisasjonar.

Kurset går over 1 dag, og grunna byggearbeid på Haugesund Sjukehus vil all kursvirksomheit skje i kursrom 103, i 1.etg på Haugesund Sanitetsforenings Revmatismesjukehus.

 

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

 

For å delta treng du tilvising frå lege. 

Eigenandel tilsvarande ein poliklinisk konsultasjon vil belastas om du ikkje har nådd opp til beløpet for frikort.

Når og kor

Dato
05.09.2018 
Klokkeslett
09:00-15:00
Stad
I byggeperioden til Haugesund Sjukehus vil alle LMS-kurs arrangerast ved leigde lokaler hos Haugesund Sanitetsforenings Revmatismesjukehus.
 
Arrangør
Lærings- og meistringssenteret
 
Meir informasjon
lms.haugesund@helse-fonna.no