Dette er eit kurs for deg som nyleg har ein overvektsoperasjon. Det er venteliste for kursa, og vi minner om at du treng tilvising frå lege for å delta. Du vil, etter at tilvisinga er behandla, få tildelt spesifikk dato for kurset du blir sett opp på.
Mange opplever det
som trygt og støttande å treffe andre i same situasjon. Vi ønskjer å
legge til rette for erfaringsutveksling mellom deltakerane på våre kurs, og
bruker derfor rikeleg tid på erfaringsutveksling. Det vil og bli fokus på
aktivitet og trening, ha derfor med gode sko slik at vi kan gå ein tur
saman med fysioterapeut.
Kurset blir arrangert som eit samarbeid mellom kirurgisk avd., LMS Haugesund,
LMS psykiatri og brukarorganisasjonar.
Vi gjer merksam på at kurset kun er ein dag, og grunna byggearbeid på Haugesund Sjukehus vil all kursvirksomheit skje i kursrom 103, i 1.etg på Haugesund Sanitetsforenings Revmatismesjukehus.