Innhald
Mange opplever det som trygt og støttande å treffe andre i same situasjon. Vi ønskjer å legge til rette for erfaringsutveksling mellom deltakerane på våre kurs, og bruker derfor rikeleg tid på erfaringsutveksling. Det vil og bli fokus på aktivitet og trening.
Program
Dette er eit kurs på ein dag. Vi vil gå gjennom tema som:
- Kva no og vegen vidare?
- Om følelsesmessige reaksjonar og korleis byggje vaner for ein enklast mogleg kvardag som overvektsoperert?
- Ernæring og kosthald
- Erfaringsinnlegg frå brukarrepresentant
- Trening og fysisk aktivitet
- Informasjon frå Frisklivssentralen
- Spørsmål og praktiske ting
Innlegg vart haldt av mellom anna sykepleiar, psykologspesialist, klinisk ernæringsfysiolog, brukarrepresentant og representant frå Frisklivssentralen.
Praktisk informasjon
Kurset går over 1 dag og på dagtid. Det vil leggast opp til diskusjonar i gruppe og i plenum.
Pårørande er hjartelig velkomne på kurs, og oppfordrast til å delta på heile kurset.
Det blir servert kaffi, te og litt frukt på kurset. Lunsj kan enten tas med eller kjøpast i kantina på sjukehuset i 6.etg.
Informasjon om overnatting, reise, eigenandel m.m. finner du her.
Nyttig informasjonsmateriell frå kurset
Kjem...
Gode nettsider
Kjem...