KOLS rehabilitering Haugesund

Kurs , Oppstartsdatoar for våren er 15.01, 12.03 og 28.05. Mandagar og torsdagar i fem påfølgande veker. , Lærings- og meistringssenteret

Rehabiliteringsprogrammet går over fem veker og inneheld fysisk trening, ernæringsrettleiing, sjukdomslære, medisinsk behandling og anfallsmestring.
Gjennom programmet får du moglegheit til å vere aktivt involvert i din eigen helseomsorg og dermed få betre livskvalitet og mindre pusteproblem.

Ofte opplever kursdeltakarane at dei får svar på mange av dei spørsmåla dei har stilt seg sjølv i etterkant av diagnosen, som for eksempel:

  • Kvifor er eg så tung i pusten?
  • Korleis verker medisinane?
  • Kan eg trene?
  • Er det farleg å bli tungpusta?



Eit tverrfagleg team følgjer deg opp:

I rehabiliteringskurset er vi fleire helsefaggrupper som jobbar saman i eit team. Undervegs blir vi godt kjent med mange deltakarar.

Målet med rehabiliteringa:

Vårt mål med lungerehabiliteringskurset er at vi saman skal jobbe for at du skal få mildare symptom, bli meir uthaldande og få auka livskvalitet.

Ønskjer du å delta på kurs?

Det einaste du treng å gjere er å be fastlegen din sende en tilvising til oss. Når vi får tilvisinga kallar vi deg inn til enkel testing av lunge- og hjartefunksjon for å finne ut om du kan delta på eit av våre kurs.

Tilvisingsadresse (for fastlege):

Haugesund sjukehus, lungepoliklinikken
Postboks 2170, 5504 Haugesund
Telefon: 52 73 25 55

Ved kurset deltek 8-10 deltakarar i ei gruppe. Det går over fem veker, to dagar kvar veke. Kursdagane inneheld undervising, trening og ein god lunsj (kjøpast i kantina i 7 etg, ta med betalingsmedel).



 

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

For å delta treng du tilvisning frå lege. 

Du må betale ein liten eigenandel for kurset, men dette får du informasjon om ved innkalling, før du eventuelt vel å delta. 


Når og kor

Tid
Oppstartsdatoar for våren er 15.01, 12.03 og 28.05. Mandagar og torsdagar i fem påfølgande veker.
Klokkeslett
 
Stad
Grunna byggearbeid på Haugesund Sjukehus vil all kursvirksomheit skje i kursrom 103, i 1.etg på Haugesund Sanitetsforenings Revmatismesjukehus.
 
Arrangør
Lærings- og meistringssenteret
kursvert og kurseigar: Lungemedisin 
Meir informasjon
KOLS lungerehabilitering  

Grunna byggearbeid på og kring Haugesund Sjukehus vil all kursvirksomheit skje i kursrom 103, i 1.etg på Haugesund Sanitetsforenings Revmatismesjukehus.

Beregn ekstra tid for å finna parkeringsplass då det vil vera begrensa med plassar i byggeperioden.