KOLS kurs, november 2021

Kursdeltakerne skal få kunnskap om sykdommen og behandling, samt redskaper til å leve godt med helseutfordringen.

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

Kurset krever henvisning for å delta.

Beskrivelse

Kolskurset går over 2 dagar og inneheld fysisk trening, ernæringsrettleiing, sjukdomslære, medisinsk behandling og anfallsmestring.

Gjennom programmet får du moglegheit til å vere aktivt involvert i din eigen helseomsorg og dermed få betre livskvalitet og mindre pusteproblem.

Ofte opplever kursdeltakarane at dei får svar på mange av dei spørsmåla dei har stilt seg sjølv i etterkant av diagnosen, som for eksempel:

  • Kvifor er eg så tung i pusten?
  • Korleis verker medisinane?
  • Kan eg trene?
  • Er det farleg å bli tungpusta?


Eit tverrfagleg team følgjer deg opp:

I kolskurset er vi fleire helsefaggrupper som jobbar saman i eit team. Det vil vere innlegg frå blant anna; legespesialist, sjukepleiar, sosionom, brukarrepresentant og klinisk ernæringsfysiolog.

Målet med kurset:

Vårt mål er at vi saman skal jobbe for at du skal få mildare symptom, bli meir uthaldande og få auka livskvalitet.