Innhald
Kolskurset går over 2 dagar og inneheld fysisk trening, ernæringsrettleiing, sjukdomslære, medisinsk behandling og anfallsmestring.
Gjennom programmet får du moglegheit til å vere aktivt involvert i din eigen helseomsorg og dermed få betre livskvalitet og mindre pusteproblem.
Ofte opplever kursdeltakarane at dei får svar på mange av dei spørsmåla dei har stilt seg sjølv i etterkant av diagnosen, som for eksempel:
Kvifor er eg så tung i pusten?
Korleis verker medisinane?
Kan eg trene?
Er det farleg å bli tungpusta?
Målet med kurset:
Vårt mål er at vi saman skal jobbe for at du skal få mildare symptom, bli meir uthaldande og få auka livskvalitet.
Program
Eit tverrfagleg team følgjer deg opp og vi går mellom anna gjennom tema som:
Dag 1
- Kva er KOLS?
- Friske og syke lunger
- Inhalasjonsmedisiner
- Trygderettigheiter
- Livet med KOLS
Dag 2
- Morgonstrekk
- Kvifor er trening viktig og kva kan trenast?
- Slimmobiliering
- Angst, tungpust og "triggere"
- Ernæringsråd ved kronisk sjukdom
- Drøfting og erfaringsdeling
- Spørsmål til lege
I kolskurset er det fleire helsefaggrupper som jobbar saman i eit team. Det vil vere innlegg frå blant anna; legespesialist, sjukepleiar, sosionom, brukarrepresentant og klinisk ernæringsfysiolog.
Praktisk informasjon
Kurset går over 2 dager på dagtid. Det vil leggast opp til diskusjonar i gruppe og i plenum.
Pårørande er hjartelig velkomne på kurs, og oppfordrast til å delta på heile kurset.
Det blir servert kaffi, te og litt frukt på kurset. Lunsj kan enten tas med eller kjøpast i kantina på sjukehuset i 6.etg.
Informasjon om overnatting, reise, eigenandel m.m. finner du her.
Nyttig informasjonsmateriell frå kurset
Kjem..
Gode nettsider
Kols - helsenorge.no
Kols - kronisk obstruktiv lungesykdom | LHL
Hva er kols? (naaf.no)
Video om KOLS; Diagnostisering av kols - YouTube