IBS-kurs: Å leve med irritabel tarm

Aktiviteter og opplæring for pasienter og pårørende , 1. og 3. mars

Du vil gjennom dette kurset få informasjon om sjukdommen, årsak, symptom, behandling, kostrettleiing og FODMAP-redusert kost. I tillegg har psykiater, fysioterapeut og brukarrepresentant god og nyttig undervisning om korleis du kan meistre sjukdommen.

Kurset passar for pasientar med IBS og pårørande.

Kurset er eit samarbeid mellom medisinsk poliklinikk ved Stord sjukehus, Nasjonal kompetanseteneste for funksjonelle mage-tarm-lidingar ved Haukeland universitetssjukehus og Landsforeningen mot fordøyelsessykdommer (LMF).

  • Målet med kurset er at kunnskap om IBS skal gi deg auka tryggleik og meistring i kvardagen.
  • På kurset møter du andre i same situasjon som du kan dele erfaringar med.
  • Du kan ha dialog med representantar frå ulike faggrupper.

Pris

Eigendel etter gjeldande takstar (spesialisttakst 2017: kr 345,-).  Ingen eigendel ved frikort. Pårørande betalar ikkje eigendel.

Lunsj, kaffi, te og frukt: kr 55,- pr dag (gjeld også pårørande).


Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

Du må ha må ha fått diagnosen irritabel tarm, og du må ha tilvising frå lege til kurset. Du vil få innkalling til kurset når det nærmar seg kursdato.

For tilvisarar:

Tilvising til IBS-kurset kan sendast til IBS Gastroteamet, Medisinsk Poliklinikk, Stord Sjukehus. Pårørande treng ikkje tilvising.

Når og kor

Tid
1. og 3. mars
Klokkeslett
 
Stad
Stord sjukehus
  
Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.