Dette er eit kurs for nydiagnostiserte med hjartesjukdom. Det er venteliste for kursa, og vi minner om at du treng tilvising frå lege for å delta. Du vil, etter at tilvisinga er behandla, få tildelt spesifikk dato for kurset du blir sett opp på.
Dette er altså eit kurs
for deg som har til eksempel har hatt hjarteinfarkt, har hjartekrampe, skal eller har
vore til utblokking, eller har vore til operasjon av blodårene på hjartet.
Du vil på kurset få ein vidareføring av informasjonen du fekk da du hadde din
hjartehending. Sentrale tema vil vere:
Hjarte og risikofaktorar, fysisk aktivitet, kosthald, medisiner og
følelsesmessige reaksjonar.
Vi gjer merksam på at kurset går over to dagar, og grunna byggearbeid på Haugesund Sjukehus vil all kursvirksomheit skje i kursrom 103, i 1.etg på Haugesund Sanitetsforenings Revmatismesjukehus.