Dette er eit kurs for deg som nyleg har blitt
diagnostisert med hjartesjukdom (for eksempel hjarteinfarkt, hjartekrampe, om du skal eller har vore til utblokking eller har vore til operasjon av blodårene på hjartet).
Det er venteliste for kursa, og vi minner om
at du treng tilvising frå lege for å kunne delta. Du vil, etter
at tilvisinga er behandla, få tildelt spesifikk dato for kurset du blir sett
opp på
Du vil på kurset få ein vidareføring av informasjonen
du fekk da du hadde din hjartehending. Sentrale tema vil vere:
-hjartet og risikofaktorar
-fysisk aktivitet
-kosthald
-medisiner
-følelsesmessige reaksjonar
Vi gjer merksam på at kurset går over to dagar, og
grunna byggearbeid på Haugesund Sjukehus vil all kursvirksomheit skje i kursrom 103, i
1.etg på Haugesund Sanitetsforenings Revmatismesjukehus.