HIV-kurs, tilbod v/Stavanger Universitetssjukehus

Kurs, 11.01.2018-12.01.2018, Lærings- og meistringssenteret

Kurs for pasientar som er smitta med HIV, og deira pårørande.

Tema som vil bli tekne opp er bl.a

  • Kva er HIV? behandling og oppfølging v/sykepleier
  • Erfaringsrepresentant fortel om hans/hennar oppleving av å leve med sjukdommen over tid
  • Medisinske aspekter v/lege
  • HIV og seksualitet v/sykepleier og sexolog.

Kurset går over to dagar (vanlegvis torsdag+fredag), og arrangerast to gonger pr år.

Vi informerer om at dette er eit samarbeidskurs Helse Fonna har med Stavanger Universitetssjukehus. Kurslokasjon er derfor i Stavanger.



Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

For å delta på dette kurset treng du tilvisning frå lege.

Egenandel tilsvarande ein poliklinisk konsultasjon vil belastas om du ikkje har nådd opp til beløpet for frikort.

Når og kor

Dato
11.01.2018-12.01.2018 
Klokkeslett
09:00-14:20 
Stad
Stavanger Universitetssjukehus, Inngang 16
Gerd Ragna Bloch Thorsens gate 8
4011 Stavanger
 
Arrangør
Lærings- og meistringssenteret
 
Meir informasjon
HIV-kurs Stavanger kursinfo 
lms@helse-fonna.no

Kurstilbodet blir arrangert av Stavanger Universitetssjukehus, men pasientar som høyrer til Helse Fonna kan delta om dei får tilvisning frå sin lege. Du vil kunne søkja refusjon av transportutgifter jmf. Pasientreiser sine reglar.