Helsepedagogikk kurs, Ølen, september 2018.

Kurs , 05.09.2018-17.09.2018 , Lærings- og meistringssenteret

Helsepedagogikk kurset er ein modul i det helsepedagogiske tilbodet hos FOUSAM. Målgruppa er tilsette og erfarne brukarar i spesialist- og kommunehelsetenesta som er engasjert i helsefremjande og førebyggjande arbeid.
Tid og stad:
Onsdag 5., måndag 10. og måndag 17. september 2018, ved Ølen Rådhus.

Mål med kurset:
Helsepersonell skal legge til rette for helsefremjande og førebyggande arbeid i møte med pasientar og pårørande. I dette arbeidet er brukarane viktige samarbeidspartar i eit likeverdig og aktivt samarbeid, og vi ønskjer å sette fokus på korleis kunnskap blir til nytte og korleis vi kan spele på dei ulike ressursane folk har. Etter at kurset er ferdig vil vi at du skal kome heim med auka kunnskap og praktisk erfaring med å skape gode læringssituasjonar mellom brkerar og helsepersonell. Vi skal lære å gjere kvarandre gode!


Kurset vil legge vekt på:
•Helsefremjande tenking og pedagogiske verktøy
•Samarbeid mellom erfarne brukarar og helsepersonell
•At du tileignar deg haldningar, kunnskap og praktiske ferdigheiter i tillegg til tilrettelegging av gruppetilbod

Tips: Om ein ønskjer ytterligare fokus på formidling arrangerar FOUSAM ein eigen modul særskild for dette. (for meir info: www.fousam.no)


Påmelding:
Elektronisk påmelding via www.deltager.no innan 15. juni 2018. Avgrensa plasser. Kursavgift kr 600.

Førelesarar:
•Dosent Kristin Ådnøy Eriksen, Høgskulen på Vestlandet.
•Innlegg v/ erfaringsformidlerar
•Sølvi Heimestøl, FOUSAM-rådgivar
•Tilsette i lærings- og meistringsteamet i FOUSAM: Sigrid Bøthun, Christense E. Ek, Aase B. Haktorson, Marie Schille.
•Ann-Kristin Berge Dahle, folkehelsekoordinator, Tysvær kommune.



Når og kor

Dato
05.09.2018-17.09.2018 
Klokkeslett
09:00-15:00
Stad
Ølen Rådhus, Vindafjord kommune.
 
Arrangør
Lærings- og meistringssenteret
Kurset er eit samarbeid mellom brukarutvalet i Helse Fonna og FOU-eining for samhandling (FOUSAM – eit samarbeid mellom Helse Fonna, HVL og kommunane). Gjennomføring av kurset er i regi av fagnettverk for læring og mestring i Helse Fonna. 
Kontakt
Meir informasjon: Lærings- og meistringssenteret, Helse Fonna tlf. 52 73 29 40
 
Meir informasjon
lms.haugesund@helse-fonna.no  
INNHALD/PROGRAM

Kven lærer kva til kven? Roller i endring

•Brukarrolle, endra pasientrolle, samarbeid mellom brukarar og helsepersonell

•Helsefremjande tenking

•'mestringstreff'; eit verktøy for pasientkurs, og bruk av handlingsplan


Likeverdig samarbeid om gruppeopplæring

•Bakgrunn for og samhandling om pasient- og pårørandeopplæring, frisklivs- og meistringstilbod

•Brukarmedverknad og erfaringsinnlegg

•Praktiske verktøy for kurs

•Formidling og presentasjon


Det gode møtet. Kommunikasjon og formidling

•Metodiske verktøy i gruppeopplæring

•Helsefremmande samtalar

•Motiverande intervju og liknande verktøy

•Korleis vere kursvert og starte pasientkurs


Endeleg program for heile kurset blir sendt ut til deltakarane i god tid før kurset.