HELSENORGE

Forskingsstafett 2022

Helse Fonna har mange flinke forskarar. 2. juni vil dei presentere forskinga si i auditoriet, i samband med nyvinninga «Forsknings- og innovasjonsstafett».

Forsking er ein stor og viktig del av helseføretaka si oppgåve, og i Helse Fonna ver det forska på alt mogeleg frå diabetes og fedme til oransje briller og sovemiddel ved anestesi.

For å gjere forskinga meir kjent internt, inviterer no Forskings- og innovasjonsavdelinga til Forskings- og innovasjonsstafett i auditoriet på Haugesund sjukehus. Her kan medarbeidarar komme innom når det passar, eller når det er eit emne som interesserer dei spesielt. Alle er velkomne, og det vil bli lett servering.

Datoen er 2. juni. Langt frå alle som forskar i Helse Fonna deltek, men her er ein liten presentasjon av dei som bidreg denne dagen.

Les meir om forskarane som er med

Fann du det du leita etter?