Epilepsikurs, for foreldre til nydiagnostiserte barn. August 2018, Haugesund

Kurs , 28.08.2018 , Lærings- og meistringssenteret

Kurset har fokus på informasjon om, behandling av og oppfølging ved epilepsi hos barn.

Dette er eit kurs for deg som er foresatt til eit barn som nyleg har blitt diagnostisert med epilepsi. Det er venteliste for kursa, og vi minner om at du treng tilvising frå lege for å kunne delta. Du vil, etter at tilvisinga er behandla, få tildelt spesifikk dato for kurset du blir sett opp på.

Meistringskurset går over ein dag, og dekkjer ulike tema som blant anna: epilepsi; sjukdom og behandling, praktisk kvardag, brukarinnlegg v/brukarrepresentant, informasjon frå Epilepsiforeninga og trygderettighetar ved barns sjukdom.

Det er ønskjeleg at begge dei foresatte deltek på kurset. Foresatte har rett til fri frå jobb for å delta. Dette gjelder også sjølvstendig næringsdrivande.
 
Egenandel tilsvarande ein poliklinisk konsultasjon vil belastas om du ikkje har nådd opp til beløpet for frikort.

Vi gjer merksam på at grunna byggearbeid på Haugesund Sjukehus vil all kursvirksomheit skje i kursrom 103, i 1.etg på Haugesund Sanitetsforenings Revmatismesjukehus.





Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

For å delta treng du tilvising frå lege. 

Eigenandel tilsvarande ein poliklinisk konsultasjon vil belastas om du ikkje har nådd opp til beløpet for frikort.

Når og kor

Dato
28.08.2018 
Klokkeslett
09:00-15:00
Stad
I byggeperioden til Haugesund Sjukehus vil alle LMS-kurs arrangerast ved leigde lokaler hos Haugesund Sanitetsforenings Revmatismesjukehus.
 
Arrangør
Lærings- og meistringssenteret
 
Innlegg frå
Barnelege, sosionom, brukarrepresentant, spesialsjukepleiar, representant frå epilepsiforeninga. 
Meir informasjon
lms.haugesund@helse-fonna.no