«Engstelege barn»

, 09.03.2017

Korleis kan du som forelder forstå og hjelpe barnet ditt når det vegrar seg i kvardagen? Kva vil vera hjelpsom og ikkje-hjelpsom foreldreatferd og kva tid er det behov for meir hjelp?

Anita Skibenes Johnsen er utdanna barnevernspedagog og har arbeida ved Barne- og ungdomspsykisk, BUP på Stord dei siste 12 åra. Ho er sertifisert i foreldrerettleiingsprogrammet PMTO, og sertifisert Friends-instruktør. Friends er eit program som er retta mot barn og ungdom med ulike former for angst og ein kan fylgje programmet gruppevis eller individuelt.

Kulturinnslag ved representantar fra Hamna.

Informasjonskvelden er gratis. Det blir enkel servering. Alle er velkomne.

Arrangør
Stord kommune, Mental Helse og Stord DPS Helse Fonna/ FoU-eining for samhandling

Når og kor

Dato
09.03.2017 
Klokkeslett
19:00-21:00 
Stad
Stord folkebibliotek