Digitalt tinnitus kurs februar 2021

Kurs for deg som er plaga med tinnitus og ønskjer å lære meir om kordan du best kan leve med plagene

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

For å delta treng du tilvising frå lege.

Eigenandel tilsvarande ein poliklinisk konsultasjon vil belastas (faktura) om du ikkje har nådd opp til beløpet for frikort.



Dette er eit digitalt kurs for deg som nyleg* er diagnostisert med tinnitus. Det er venteliste for kursa, og vi minner om at du treng tilvising frå lege for å delta. Du vil, etter at tilvisinga er behandla, få tildelt spesifikk dato for kurset du blir sett opp på. 

Kurset vert arrangert via Helse Norge sitt videokonferansesystem join. Du vil få e-post og/eller telefon frå Lærings- og meistringssenteret med informasjon om kordan du skal logge deg på kurset.


Kurset inneheld bl.a informasjon om øyra si anatomi/fysiologi, informasjon frå høyresentralen og hjelpemidler. Erfaringsutveksling mellom pasientar med same diagnose er også ein viktig del av kurset, og er noke vi ønskjer å legge til rette for i løpet av kursdagane.

Fysioterapeut og musikkterapeut held innlegg om ulike meistringsteknikkar, og brukarrepresentant vil halde innlegg om sine erfaringar.


Brukarorganisasjon/forening:
Hørselshemmedes Landsforbund (HLF) ønsker for å gjere kvardagen enklare for høyrslehemming. Heimesidene deira finn du her: https://www.hlf.no/

*= grunna høg aktivitet på avdelinga og pressa ressurser vil det tidvis vere lang ventetid før ein kommer på tinnitus kurs.