Digitalt starthjelpkurs, februar 2021

Kurs for foresatte til barn med nedsett funksjonsevne eller kronisk sjukdom

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

For å delta treng du tilvising frå lege/behandlar ved habiliteringstenesta. 

Eigenandel tilsvarande ein poliklinisk konsultasjon vil belastas (faktura) om du ikkje har nådd opp til beløpet for frikort.



Kurset vert arrangert via Helse Norge sitt videokonferansesystem join. Du vil få e-post og/eller telefon frå Lærings- og meistringssenteret med informasjon om kordan du skal logge deg på kurset.


Dette er eit kurs for deg som nyleg har fått eit barn med nedsett funksjonsevne eller kronisk sjukdom. Det er venteliste for kursa, og vi minner om at du treng tilvising frå lege for å delta. Du vil, etter at tilvisinga er behandla, få tildelt spesifikk dato for kurset du blir sett opp på.


Å få eit barn med kronisk sjukdom eller nedsett funksjonsevne stillar store krav til meistring i kvardagen. Dette kurset har som mål å vere ein vegvisar i en ny kvardag; bidra til meistring av en ny livssituasjon og legge til rette for erfaringsutveksling mellom foresatte i same situasjon.

Brukarorganisasjon/forening/nyttige sider:
Det er fleire foreningar som kan vere aktuell for denne pasientgruppa, her er lenke til heimesidene til nokon av dei:

Norsk forbund for utviklingshemmede: www.nfunorge.org/

Funksjonshemmedes fellesorganisasjon: www.ffo.no/

Unge funksjonshemmede: www.ungefunksjonshemmede.no/

Norges handikapforbund: https://nhf.no/

Frambu kompetansesenter for sjeldne diagnoser: https://frambu.no/