Digitalt kurs for overvektsopererte, hausten 2020, dato kjem!

Dette er eit digitalt kurs for deg som er overvektsoperert og ønskjer meir informasjon om vegen vidare.

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

For å delta treng du tilvising frå lege. 


Dette er eit kurs for deg som nyleg har blitt overvektsoperert. Det er venteliste for kursa, og vi minner om at du treng tilvising frå lege for å delta. Du vil, etter at tilvisinga er behandla, få tildelt spesifikk dato for kurset du blir sett opp på.

Etter ein overvektsoperasjon vil ein oppleva mange endringar i livet, nokre er relatert til operasjonen og andre til vekttapet.

Kurset vert arrangert via Helse Norge sitt videokonferansesystem join. Du vil få e-post og/eller telefon frå Lærings- og meistringssenteret med informasjon om kordan du skal logge deg på kurset.


Kurset blir arrangert som eit samarbeid mellom kirurgisk avd., LMS Haugesund, LMS psykiatri og brukarorganisasjonar.

Kurset går over 1 dag, og grunna covid-19 vil kurset denne hausten bli arrangert digitalt.


Brukarorganisasjon/forening:
Landsforeningen for Overvektige starta i 2000 og er ei landsdekkande forening med fleire lokallag. Meir informasjon finn du her: landsforeningen for overvektige