Digitalt hjartekurs, november 2021

Kurset er for deg som er nydiagnostisert med hjartesjukdom og dine pårørande

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

For å delta treng du tilvising frå lege.


Eigenandel tilsvarande ein poliklinisk konsultasjon vil belastas (faktura) om du ikkje har nådd opp til beløpet for frikort.


Dette er eit kurs for deg som nyleg har blitt diagnostisert med hjartesjukdom (for eksempel hjarteinfarkt, hjartekrampe, om du skal eller har vore til utblokking eller har vore til operasjon av blodårene på hjartet).

Det er venteliste for kursa, og vi minner om at du treng tilvising frå lege for å kunne delta. Du vil, etter at tilvisinga er behandla, få tildelt spesifikk dato for kurset du blir sett opp på.

Kurset vert arrangert via Helse Norge sitt videokonferansesystem join. Du vil få e-post og/eller telefon frå Lærings- og meistringssenteret med informasjon om korleis du skal logge deg på kurset.


Du vil på kurset få ein vidareføring av informasjonen du fekk da du hadde din hjartehending. Sentrale tema vil vere:

-hjartet og risikofaktorar

-fysisk aktivitet

-kosthald

-medisiner

-følelsesmessige reaksjonar

Brukarorganisasjon/forening:
LHL (Landsforeningen for hjerte- og lungesyke) er ein medlemsbasert ideell helseorganisasjon. Heimesidene deira finn du her: www.lhl.no