Dette er eit kurs for deg som nyleg har blitt diagnostisert med hjartesjukdom (for eksempel hjarteinfarkt, hjartekrampe, om du skal eller har vore til utblokking eller har vore til operasjon av blodårene på hjartet).
Det er venteliste for kursa, og vi minner om at du treng tilvising frå lege for å kunne delta. Du vil, etter at tilvisinga er behandla, få tildelt spesifikk dato for kurset du blir sett opp på.
Kurset vert arrangert via Helse Norge sitt videokonferansesystem join. Du vil få e-post og/eller telefon frå Lærings- og meistringssenteret med informasjon om kordan du skal logge deg på kurset.
Du vil på kurset få ein vidareføring av informasjonen du fekk da du hadde din hjartehending. Sentrale tema vil vere:
-hjartet og risikofaktorar
-fysisk aktivitet
-kosthald
-medisiner
-følelsesmessige reaksjonar
Brukarorganisasjon/forening:
LHL (Landsforeningen for hjerte- og lungesyke) er ein medlemsbasert, ideell og heilhetleg helseorganisasjon. Heimesidene deira finn du her:
www.lhl.no