Digitalt hjartekurs 01. og 08. desember 2020

Dette er eit digitalt kurs for deg som er nydiagnostisert med hjartesjukdom og dine pårørande.

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

For å delta treng du tilvising frå lege.


Dette er eit digitalt kurs for deg som nyleg har blitt diagnostisert med hjartesjukdom (for eksempel hjarteinfarkt, hjartekrampe, om du skal eller har vore til utblokking eller har vore til operasjon av blodårene på hjartet).

Kurset vert arrangert via Helse Norge sitt videokonferansesystem join. Du vil få e-post og/eller telefon frå Lærings- og meistringssenteret med informasjon om kordan du skal logge deg på kurset.


Det er venteliste for kursa, og vi minner om at du treng tilvising frå lege for å kunne delta. Du vil, etter at tilvisinga er behandla, få tildelt spesifikk dato for kurset du blir sett opp på.

Du vil på kurset få ein vidareføring av informasjonen du fekk da du hadde din hjartehending. Sentrale tema vil vere:

-hjartet og risikofaktorar

-fysisk aktivitet

-kosthald

-medisiner

-følelsesmessige reaksjonar

Brukarorganisasjon/forening:
LHL (Landsforeningen for hjerte- og lungesyke) er ein medlemsbasert, ideell og heilhetleg helseorganisasjon. Heimesidene deira finn du her: www.lhl.no