Digitalt foreldrekurs: "Plutseleg Vaksen" juni 2021

Kven, kva og korleis? Foreldrerolla i endring: Plutseleg Vaksen er eit pårørandekurs til foresatte som har ungdom med ein funksjonshemming.

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

For å delta treng du tilvising frå personell hjå habiliteringstenesten. 

Eigenandel tilsvarande ein poliklinisk konsultasjon vil belastas om du ikkje har nådd opp til beløpet for frikort. 


Kurset vert arrangert via Helse Norge sitt videokonferansesystem join. Du vil få e-post og/eller telefon frå Lærings- og meistringssenteret med informasjon om kordan du skal logge deg på kurset.

Habiliteringstenesten arrangerar pårørandekurs til foresatte som kjenner på at foreldrerolla er i endring. Kven kan hjelpe no? Kva gjer eg som forelder og kva er mi rolle når barnet blir ungdom, eller når ungdommen snart ikkje er ungdom lenger? 

Plutseleg Vaksen er ei kursrekke på tre kursdagar kor ulike tema vert tatt opp. Kurset er meint å hjelpe dykk som foresatte til å betre kunne hjelpe undommen når dei går frå barn/ungdom til vaksen. 

Det er venteliste for kursa, og vi minner om at du treng tilvising frå lege for å delta. Du vil, etter at tilvisinga er behandla, få tildelt spesifikk dato for kurset du blir sett opp på.


Kurset er gratis. Foresatte kan søkje om opplæringspenger via NAV. Hugs å skrive ut søknaden frå dine sider på nettsidene til NAV og levere den på kurset. Me returnerer den til deg pr. post når lege har signert. Du er sjølv ansvarleg for å sende den fullstendige søknaden til NAV. Sjå meir info på www.nav.no.

Brukarorganisasjon/forening:
Det er fleire foreningar som kan vere aktuell for denne pasientgruppa, her er lenke til heimesidene til nokon av dei: