Digitalt Epilepsikurs for føresatte, hausten 2020. Dato kjem!

Kurset har fokus på informasjon om, behandling av, og oppfølging ved epilepsi hjå born.

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

For å delta treng du tilvising frå lege. 


Dette er eit digitalt kurs for deg som er foresatt til eit barn som nyleg har blitt diagnostisert med epilepsi. Det er venteliste for kursa, og vi minner om at du treng tilvising frå lege for å kunne delta. 

Du vil, etter at tilvisinga er behandla, få tildelt spesifikk dato for kurset du blir sett opp på.


Kurset vert arrangert via Helse Norge sitt videokonferansesystem join. Du vil få e-post og/eller telefon frå Lærings- og meistringssenteret med informasjon om kordan du skal logge deg på kurset.


Dette meistringskurset går over ein dag, og dekkjer ulike tema som blant anna: epilepsi; sjukdom og behandling, praktisk kvardag, innlegg v/brukarrepresentant, informasjon frå Epilepsiforeninga og trygderettighetar ved barns sjukdom.

Det er ønskjeleg at begge dei foresatte deltek på kurset. 
 
Brukarorganisasjon/forening:
Norsk Epilepsiforbund er en landsdekkende medlemsorganisasjon for mennesker med epilepsi og pårørende. Heimesidene deira finn du her: www.epilepsi.no