Digitalt Diabetes type 2 kurs, 30.oktober og 03.november 2020

For deg med diabetes type 2 som føler behov for meir opplæring og kunnskap om diagnosen

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

For å delta treng du tilvising frå lege. 

Dette er eit kurs for deg som nyleg har fått diagnosen diabetes type 2. Det er venteliste for kursa, og vi minner om at du treng tilvising frå lege for å delta. 

Kurset vert arrangert via Helse Norge sitt videokonferansesystem join. Du vil få e-post og/eller telefon frå Lærings- og meistringssenteret med informasjon om kordan du skal logge deg på kurset.


For å betre kunne meistre kvardagen med diabetes tilbyr diabetes- teamet eit undervisningsopplegg om diagnosen i samarbeid med lærings- og meistringssenteret.

Vi gjer merksam på at kurset går over 1 dag, og grunna covid-19 vil det denne hausten bli arrangert digitalt.


Brukarorganisasjon/forening:
Diabetesforbundet er ein uavhengig interesseorganisasjon for alle med diabetes og andre som er ramma av, eller interessert i, diabetes. Heimesidene deira finn du her: www.diabetes.no