Dette er eit kurs for deg som nyleg har fått diagnosen diabetes type 2. Det er venteliste for kursa, og vi minner om at du treng tilvising frå lege for å delta. Du vil, etter at tilvisinga er behandla, få tildelt spesifikk dato for kurset du blir sett opp på.
For å betre kunne meistre kvardagen med diabetes tilbyr diabetes- teamet eit tverrfagleg undervisningsopplegg om diagnosen i samarbeid med lærings- og meistringssenteret.
Kurset vert arrangert via Helse Norge sitt videokonferansesystem join. Du vil få e-post og/eller telefon frå Lærings- og meistringssenteret med informasjon om kordan du skal logge deg på kurset.
Brukarorganisasjon/forening:
Diabetesforbundet er ein uavhengig interesseorganisasjon for alle med diabetes og andre som er ramma av, eller interessert i, diabetes. Heimesidene deira finn du her:
www.diabetes.no