Dette er eit kurs for foresatte til barn med nydiagnostisert autisme. Det er venteliste for kursa, og vi minner om at du treng tilvising frå lege for å delta. Du vil, etter at tilvisinga er behandla, få tildelt spesifikk dato for kurset du blir sett opp på.
Kurset vert arrangert via Helse Norge sitt videokonferansesystem join. Du vil få e-post og/eller telefon frå Lærings- og meistringssenteret med informasjon om kordan du skal logge deg på kurset.
Kurset har fokus på informasjon om, behandling av og oppfølging ved autisme, kommunale ordningar og kvardagen i familien.
Representant frå Autismeforeningen deltek med informasjon om foreningen og erfaringar med kordan det er å vere foresatt for eit barn med autisme.
Det er ønskjeleg at begge dei foresatte deltek på kurset. Foresatte har rett til fri frå jobb for å delta. Dette gjelder også sjølvstendig næringsdrivande.
Brukarorganisasjon/forening:
Autismeforeningen er ei sammenslutning av menneske med autismespekterdiagnoser, forkorta til ASD, samt foreldre og andre pårørande, fagfolk og andre interesserte. Heimesidene deira finn du her:
www.autismeforeningen.no