Digitalt autismekurs, for føresatte, februar 2021

Kurset har fokus på informasjon om, behandling av og oppfølging ved autisme, kommunale ordningar og kvardagen i familien.

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

For å delta treng du tilvising frå lege. 

Eigenandel tilsvarande ein poliklinisk konsultasjon vil belastas (faktura) om du ikkje har nådd opp til beløpet for frikort.


Dette er eit kurs for foresatte til barn med nydiagnostisert autisme. Det er venteliste for kursa, og vi minner om at du treng tilvising frå lege for å delta. Du vil, etter at tilvisinga er behandla, få tildelt spesifikk dato for kurset du blir sett opp på.

Kurset vert arrangert via Helse Norge sitt videokonferansesystem join. Du vil få e-post og/eller telefon frå Lærings- og meistringssenteret med informasjon om kordan du skal logge deg på kurset.


Kurset har fokus på informasjon om, behandling av og oppfølging ved autisme, kommunale ordningar og kvardagen i familien.

Representant frå Autismeforeningen deltek med informasjon om foreningen og erfaringar med kordan det er å vere foresatt for eit barn med autisme.

Det er ønskjeleg at begge dei foresatte deltek på kurset. Foresatte har rett til fri frå jobb for å delta. Dette gjelder også sjølvstendig næringsdrivande.

Brukarorganisasjon/forening:
Autismeforeningen er ei sammenslutning av menneske med autismespekterdiagnoser, forkorta til ASD, samt foreldre og andre pårørande, fagfolk og andre interesserte. Heimesidene deira finn du her: www.autismeforeningen.no