Dette er eit kurs for nydiagnostiserte med astma og deira pårørande. Det er venteliste for kursa, og vi minner om at du treng tilvising frå lege for å delta. Du vil, etter at tilvisinga er behandla, få tildelt spesifikk dato for kurset du blir sett opp på.
Kurset inneheld bl.a informasjon om diagnosen astma, behandlingsforløp, kordan trene og kva som er god anfallsmeistring. Individuell behandlingsplan blir utarbeid.
Kurset vert arrangert via Helse Norge sitt videokonferansesystem join. Du vil få e-post og/eller telefon frå Lærings- og meistringssenteret med informasjon om kordan du skal logge deg på kurset.
Brukarorganisasjon/forening:
Norges Astma- og Allergi forbund (NAAF) er ein interesseorganisasjon for alle som er opptatt av førebyggande helse. Dei jobbar for å bremse auka av astma, allergi og overfølsomhetssjukdommar, og for at dei som har sjukdommane skal kunne leve best mogleg med dei. Heimesidene deira finn du her:
Astma og allergi forbundet