Diabetes type 2 kurs, september 2018 Haugesund

Kurs , 04.09.2018-07.09.2018 , Lærings- og meistringssenteret

For deg med diabetes type 2 som føler behov for meir opplæring og kunnskap om diagnosen.
For å betre kunne meistre kvardagen med diabetes tilbyr diabetes- teamet eit undervisningsopplegg om diagnosen i samarbeid med lærings- og meistringssenteret.

Bl.a vil lege holde innlegg om behandling og komplikasjonar, diabetessykepleier fortel om kva som skjer ved øyekontroll og Insulin/ injeksjonsbehandling. Erfaringsrepresentatar fortel om hans/hennar oppleving av å leve med sjukdommen over tid, og det vil komme informasjon om Diabetesforbundet.

Vi ønskjer å legge til rette for erfaringsutveksling mellom deltakerane på våre kurs, og bruker derfor rikeleg tid på dette.

Vi gjer merksam på at kurset går over to dagar, og grunna byggearbeid på Haugesund Sjukehus vil all kursvirksomheit skje i kursrom 103, i 1.etg på Haugesund Sanitetsforenings Revmatismesjukehus.


Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta



For å delta treng du tilvisning frå lege. 

Eigenandel tilsvarande ein poliklinisk konsultasjon vil belastas om du ikkje har nådd opp til beløpet for frikort.

 


Når og kor

Dato
04.09.2018-07.09.2018 
Klokkeslett
08:30-15:00 
Stad
I byggeperioden til Haugesund Sjukehus vil alle LMS-kurs arrangerast ved leigde lokaler hos Haugesund Sanitetsforenings Revmatismesjukehus.
 
Arrangør
Lærings- og meistringssenteret
 
Meir informasjon
lms@helse-fonna.no  
Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.