Diabetes type 2 kurs, okt/nov 2018, Haugesund

Kurs , 30.10.2018-02.11.2018 , Lærings- og meistringssenteret

For deg med diabetes type 2 som føler behov for meir opplæring og kunnskap om diagnosen.

For å betre kunne meistre kvardagen med diabetes tilbyr diabetes- teamet eit undervisningsopplegg om diagnosen i samarbeid med lærings- og meistringssenteret.

Bl.a vil lege holde innlegg om behandling og komplikasjonar, diabetessykepleier fortel om kva som skjer ved øyekontroll og Insulin/ injeksjonsbehandling. Erfaringsrepresentatar fortel om hans/hennar oppleving av å leve med sjukdommen over tid, og det vil komme informasjon om Diabetesforbundet.

Vi ønskjer å legge til rette for erfaringsutveksling mellom deltakerane på våre kurs, og bruker derfor rikeleg tid på erfaringsutveksling.

Vi gjer merksam på at kurset går over to dagar; 30.10.18 og 02.11.18 og grunna byggearbeid på Haugesund Sjukehus vil all kursvirksomheit skje i kursrom 103, i 1.etg på Haugesund Sanitetsforenings Revmatismesjukehus.

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta



For å delta treng du tilvisning frå lege. 

Eigenandel tilsvarande ein poliklinisk konsultasjon vil belastas om du ikkje har nådd opp til beløpet for frikort.

Når og kor

Dato
30.10.2018-02.11.2018 
Klokkeslett
08:30-15:00 
Stad
Haugesund sjukehus
I byggeperioden til Haugesund Sjukehus vil alle LMS-kurs arrangerast ved leigde lokaler hos Haugesund Sanitetsforenings Revmatismesjukehus (rom 103, 1.etg).
 
Arrangør
Lærings- og meistringssenteret
 
Meir informasjon
lms.haugesund@helse-fonna