Diabetes type 2 kurs, november 2019, Odda

Kurs, 12.11.2019-13.11.2019, Lærings- og meistringssenteret

For deg med diabetes type 2 som føler behov for meir opplæring og kunnskap om diagnosen, og dine pårørande.

For personar med nyoppdaga type 2-diabetes, eller dei som har hatt diabetes ei stund og har behov for opplæring. 

Mål med kurset er at du som har diabetes skal få hjelp til å meistre kvardagen og få betre kontroll over eigen situasjon. Det å tilegne seg kunnskap, dele erfaringar med andre og få informasjon om eigen situasjon, kan bidra til dette.

Kurset er eit gruppebasert opplæringstilbod.

Hensikten med gruppeundervisninga er å møte andre personar med diabetes, dele erfaringar og oppleve meistring.

I tillegg til førelesingar vil det bli høve til å stille spørsmål og drøfte generelle problemstillingar.

Vi anbefalar at du tar med deg ein ledsager som du ønsker det, det er god støtte i at dykk begge blir betre kjent med din situasjon.

Målgruppe

Personer med diabetes type 2.

Tema

  • Kva er diabetes, kordan behandle sjukdommen og forebygge komplikasjonar
  • Kosthald ved diabetes
  • Betydningen av fysisk aktivitet
  • Blodsukkermåling, hypo- og hyperglykemi
  • Fotpleie
  • Erfaringsutveksling

Innlegg ved:

  • Overlege ved Odda sykehus
  • Diabetessjukepleiar
  • Ernæringsfysiolog
  • Fysioterapeut

Pris

Egenandel etter gjeldande takstar. Pårørande gratis. Påmelding for pårørande er 08.11.19. De vil få enkel lunsj.

Avbestilling seinast 24 timar før kurs. Dersom du ikkje møter til kurs krever sjukehuset ein eigenandel etter gjeldande takster.



Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta


For å delta treng du tilvising frå lege. 

Egenandel tilsvarande ein poliklinisk konsultasjon vil belastas om du ikkje har nådd opp til beløpet for frikort. 
Etter at tilvisinga er behandla vil pasienten få tilsendt meir informasjon og spesifikk dato for kurset han/ho får plass på.

Når og kor

Dato
12.11.2019-13.11.2019 
Klokkeslett
09:00-14:30
Stad
Odda sjukehus
3 etg. sjukeheimsbygget ved Odda sykehus
 
Arrangør
Lærings- og meistringssenteret
 
Kontaktinformasjon
For meir informasjon: ring tlf. 53651228 eller 53651161
 
Meir informasjon
inga.baltaduonyte@helse-fonna.no