Diabetes type 2 kurs, mai/juni 2018, Haugesund

Kurs , 29.05.2018-01.06.2018 , Lærings- og meistringssenteret

For deg med diabetes type 2 som føler behov for meir opplæring og kunnskap om diagnosen.


For å betre kunne meistre kvardagen med diabetes tilbyr diabetes- teamet eit undervisningsopplegg om diagnosen i samarbeid med lærings- og meistringssenteret.

Bl.a vil lege holde innlegg om behandling og komplikasjonar, diabetessykepleier fortel om kva som skjer ved øyekontroll og Insulin/ injeksjonsbehandling. Erfaringsrepresentatar fortel om hans/hennar oppleving av å leve med sjukdommen over tid, og det vil komme informasjon om Diabetesforbundet.

Vi ønskjer å legge til rette for erfaringsutveksling mellom deltakerane på våre kurs, og bruker derfor rikeleg tid på erfaringsutveksling.

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta



For å delta treng du tilvisning frå lege. 

Eigenandel tilsvarande ein poliklinisk konsultasjon vil belastas om du ikkje har nådd opp til beløpet for frikort.

Når og kor

Dato
29.05.2018-01.06.2018 
Klokkeslett
09:00-14:30 
Stad
Haugesund sjukehus
I byggeperioden til Haugesund Sjukehus vil alle LMS-kurs arrangerast ved leigde lokaler hos Haugesund Sanitetsforenings Revmatismesjukehus.
 
Arrangør
Lærings- og meistringssenteret
 
Meir informasjon
lms@helse-fonna.no  
Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.