Diabetes type 2 kurs, august 2019, Haugesund

Kurs, 27.08.2019-30.08.2019, Lærings- og meistringssenteret

For deg med diabetes type 2 som føler behov for meir opplæring og kunnskap om diagnosen.
Dette er eit kurs for deg som nyleg har fått diagnosen diabetes type 2. Det er venteliste for kursa, og vi minner om at du treng tilvising frå lege for å delta.

Du vil, etter at tilvisinga er behandla, få tildelt spesifikk dato for kurset du blir sett opp på.


For å betre kunne meistre kvardagen med diabetes tilbyr diabetes- teamet eit undervisningsopplegg om diagnosen i samarbeid med lærings- og meistringssenteret.

Bl.a vil lege holde innlegg om behandling og komplikasjonar, diabetessykepleier fortel om kva som skjer ved øyekontroll og Insulin/ injeksjonsbehandling. Erfaringsrepresentatar fortel om hans/hennar oppleving av å leve med sjukdommen over tid, og det vil komme informasjon om Diabetesforbundet.

Vi ønskjer å legge til rette for erfaringsutveksling mellom deltakerane på våre kurs, og bruker derfor rikeleg tid på dette.

Vi gjer merksam på at kurset går over to dagar, og grunna byggearbeid på Haugesund Sjukehus vil all kursvirksomheit skje i kursrom 103, i 1.etg på Haugesund Sanitetsforenings Revmatismesjukehus.






Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

For å delta treng du tilvising frå lege. 

Eigenandel tilsvarande ein poliklinisk konsultasjon vil belastas (faktura) om du ikkje har nådd opp til beløpet for frikort.

Når og kor

Dato
27.08.2019-30.08.2019 
Klokkeslett
09:00-15:00
Stad
I byggeperioden til Haugesund Sjukehus vil alle LMS-kurs arrangerast ved leigde lokaler hos Haugesund Sanitetsforenings Revmatismesjukehus.
 
Arrangør
Lærings- og meistringssenteret
 
Meir informasjon
lms.haugesund@helse-fonna.no  

Kursprogram: 
"EIN GOD START - Kurs for deg som har Diabetes Type 2"

Dag 1  

Kl 09.00

Velkomen

09.15

Kva er diabetes? Lege v/ Medisinsk avdeling

Kl 11.15

Brukarinnlegg - v/ Brukarrepresentant

Kl 11.45

Lunsj – 7 etg  Utsikten Restaurant

Kl 12.15

Blodsukkermåling v/Diabetessjukepleiar

Kl 13.00

Mat og Diabetes v/Klinisk ernæringsfysiolog

Kl 14.00

Fysisk aktivitet (tur ut) v/fysioterapeut

Kl 15.00

Takk for i dag!


Dag 2

            

Kl 09.00

Velkommen tilbake!
Mat og diabetes forts v/Diabetessjukepleiar/Kursdeltagerar                         

Kl 10.30

Kva kan Diabetesforbundet gjere for meg ? v/brukerrep            

Kl 11.00

Lunsj 7 i etg HSR      

Kl 11.40

Helsefremmande tiltak for deg i din kommune                                            v/Frisklivssentralen

Kl 12.00

Praktiske tips og råd 

Pause

Kl 12.45

Korleis leve best vidare med Diabetes?  

Kl 13.30

Oppsummering & Evaluering