Diabetes type 2 kurs, 2019 Odda

Kurs , Lærings- og meistringssenteret

For deg med diabetes type 2 som føler behov for meir opplæring og kunnskap om diagnosen, og dine pårørande.
Kursdato er ikkje satt, dette oppdaterast snarleg.

For personar med kronisk sjukdom er god opplæring og vidare meistring av eiget liv like viktig som medisinsk behandling.

Odda sjukehus tilbyr 2 dagars kurs til pasientar med diabetes type 2. Målet er at deltakaren skal oppleve auka meistring og tryggleik til eigen sjukdom. Kursa er eit samarbeid mellom helsepersonell, erfarne brukerar, pasientar og pårørande.

Vi ønskjer å legge til rette for erfaringsutveksling mellom deltakerane på våre kurs, og bruker derfor rikeleg tid på erfaringsutveksling. 

Kursets innhald:

  • Om diagnose og behandling
  • Medisiner
  • Seinkomplikasjonar
  • Eigenomsorg og blodsukkermåling
  • Fysisk aktivitet
  • Kosthald
  • Fotpleie
  • Informasjon frå Diabetesforbundet
  • Erfaringsutveksling
Alle som deltek på kurs kan ha med seg ein pårørande. Det er venteliste for kursa, og du treng tilvising frå lege for å kunne delta. Etter at tilvisinga er behandla vil du få tilsendt meir informasjon og spesifikk dato for kurset du får plass på.

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta


For å delta treng du tilvising frå lege. Dato for kurs er framleis ikkje satt. Tilvising kan likevel sendast, du kan sende denne digitalt eller pr. post, merkast spesifikt med 'diabetes 2 kurs, odda'.

Egenandel tilsvarande ein poliklinisk konsultasjon vil belastas om du ikkje har nådd opp til beløpet for frikort. 
Etter at tilvisinga er behandla vil du få tilsendt meir informasjon og spesifikk dato for kurset du får plass på.

Når og kor

Stad
Odda sjukehus
3 etg. sjukeheimsbygget ved Odda sykehus
 
Arrangør
Lærings- og meistringssenteret
 
Innlegg frå
Lege, diabetessykepleiar, ernæringsfysiolog, fysioterapeut, brukerrepresentantar 
Kontakt
For meir informasjon: ring tlf. 53651228 eller 53651161
 
Meir informasjon
inga.baltaduonyte@helse-fonna.no  

Dato