Cøliaki kurs august 2018 Haugesund

Kurs , 31.08.2018 , Lærings- og meistringssenteret

Kurs for deg som har cøliaki, eller er forelder til barn med cøliaki.

Kurset er meint å gi pasient og pårørande økt kunnskap om diagnosen cøliaki.

Lege held innlegg om diagnosen (årsak, arvelegheit og behandling), ernæringsfysiolog underviser om glutenfritt kosthald, og ein erfaringsrepresentant fortel om hans/hennar oppleving av å leve med sjukdommen over tid.

Vi ønskjer å legge til rette for erfaringsutveksling mellom deltakerane på våre kurs, og bruker derfor rikeleg tid på erfaringsutveksling. Det vil òg informerast om div tilbud i omegn, bl.a bakeskule.

Kursets varighet: 1 dag, og grunna byggearbeid på Haugesund Sjukehus vil all kursvirksomheit skje i kursrom 103, i 1.etg på Haugesund Sanitetsforenings Revmatismesjukehus.

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta



For å delta treng du tilvisning frå lege. 

Eigenandel tilsvarande ein poliklinisk konsultasjon vil belastas om du ikkje har nådd opp til beløpet for frikort.

Når og kor

Dato
31.08.2018 
Klokkeslett
09:00-15:00 
Stad
Haugesund sjukehus
  
Arrangør
Lærings- og meistringssenteret
 
Meir informasjon
lms.haugesund@helse-fonna.no