Autismekurs, foreldre oktober 2018, Haugesund

Kurs , 04.10.2018-05.10.2018 , Lærings- og meistringssenteret

Kurs for foresatte til nydiagnostiserte barn med autisme
Dette er eit kurs for foresatte til barn med nydiagnostisert autisme. Det er venteliste for kursa, og vi minner om at du treng tilvising frå lege for å delta. Du vil, etter at tilvisinga er behandla, få tildelt spesifikk dato for kurset du blir sett opp på.

Kurset har fokus på informasjon om, behandling av og oppfølging ved autisme, kommunale ordningar og kvardagen i familien.

Representant frå Autismeforeningen deltek med informasjon om foreningen og erfaringar med kordan det er å vere foresatt for eit barn med autisme.

Kurset går over to dagar, og kurset vert heldt ved BUP sine lokaler. Merk at lunsjpausen skjer i kantina ved Haugesund Sanitetsforenings Revmatismesjukehus (7.etg) eller i kantina til Haugesund Sjukehus (6.etg), dette velg dykk sjølv.

Det er ønskjeleg at begge dei foresatte deltek på kurset. Foresatte har rett til fri frå jobb for å delta. Dette gjelder også sjølvstendig næringsdrivande.

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

For å delta treng du tilvising frå lege. 

Eigenandel tilsvarande ein poliklinisk konsultasjon vil belastas om du ikkje har nådd opp til beløpet for frikort.

 


Når og kor

Dato
04.10.2018-05.10.2018 
Klokkeslett
09:00-15:00
Stad
BUP Haugesund
Kurset arrangerast av Haugesund Sjukehus v/ Habiliteringstenesten i samarbeid med BUP. Kurset foregår i BUP sine lokaler.
 
Arrangør
Lærings- og meistringssenteret
 
Meir informasjon
lms.haugesund@helse-fonna