Autisme kurs November, Haugesund

Kurs for foresatte til ny diagnostiserte barn med autisme.

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

For å delta treng du tilvising frå lege. 

Eigenandel tilsvarande ein poliklinisk konsultasjon vil belastas om du ikkje har nådd opp til beløpet for frikort.




Dette er eit kurs for foresatte til barn med nydiagnostisert autisme. Det er venteliste for kursa, og vi minner om at du treng tilvising frå lege for å delta. Du vil, etter at tilvisinga er behandla, få tildelt spesifikk dato for kurset du blir sett opp på.

Kurset har fokus på informasjon om, behandling av og oppfølging ved autisme, kommunale ordningar og kvardagen i familien.

Representant frå Autismeforeningen deltek med informasjon om foreningen og erfaringar med kordan det er å vere foresatt for eit barn med autisme.

Kurset går over to dagar, og kurset vert heldt ved BUP sine lokaler.I lunsjpausen kan ein kjøpe mat i kantina til Haugesund Sjukehus (6.etg), eller ta med eigen niste.

Det er ønskeleg at begge dei foresatte deltek på kurset. Foresatte har rett til fri frå jobb for å delta. Dette gjelder også sjølvstendig næringsdrivande.