Besøkstider

Helse Fonna har innført ei rekke tiltak knytt til koronasituasjonen, mellom anna restriksjonar på kven som kan motta besøk under innlegging.

Vi ønsker færrast mogleg besøkande på sjukehuset. Helse Fonna oppmodar om at det berre er følgjande grupper som har med seg partnar/følgjeperson, eller som mottar besøk:

  • Barn under 18 år
  • Pasientar som er kritisk sjuke/døyande
  • Fødande
  • Pasientar som treng følgje for å kunne motta helsehjelp.

Besøkande skal vere symptomfrie

Dei som skal på besøk skal gjerast kjende med kva smitteverntiltak som skal gjennomførast, og det blir stilt spørsmål om mogeleg Covid 19-smitte når dei kjem i skranken.

Besøkande må også vere symptomfrie. Er du i karantene eller isolasjon kan du ikkje komme på besøk. Det same gjeld om du har vore i utlandet dei siste ti dagane.

Pasientar med uavklart Covid 19 skal heller ikkje ha besøk.

Besøk ved føde/barsel

  • Frisk partner kan vere med på keisarsnitt
  • Frisk partner kan vere med på fødsel/keisarsnitt og på familierom på føde/barsel
  • Frisk partner kan komme på besøk på fleirsengsrom i visittid frå klokka 16.00 til 17.30
  • Det er ikkje tillete med besøk av andre, heller ikkje søsken
  • Vi opnar opp for at frisk partner kan vere med på rutineultralyd. 

Sjå også eiga side om retningslinjer for føde/barsel og ultralyd

Særskilte omstende

Det vert óg opna opp for å kunne leggje til rette for utvida besøk, i særskilte omstende. Dette skal drøftast med lege, sjukepleier og leiar ved avdelinga. 

Aktuelle grupper er:

  • Barn under 18 år sine foreldre/føresette
  • Barn som pårørande til pasientar med lengre opphald
  • Pårørande/hjelpepersonale dersom det der nødvendig for å gjennomføre konsultasjonen (til dømes funksjonshemming)
  • Pasientar i siste fase av livet.


Fann du det du leita etter?