– Målet er å inspirere dei unge til å ta ei helsefagleg utdanning slik at vi kan møte det framtidige behovet for rekruttering. Viss berre ein eller to av elevane som i utgangspunktet ikkje tenker å utdanne seg til eit av våre yrke blir interessert i ei framtid hos oss etter å ha vore på bedriftsbesøk, så har vi lykkast.
Vidare skal vi presentere mangfaldet av jobbmoglegheiter som finst i Helse Fonna. Det er ikkje slik at du må vere lege eller sjukepleiar for å jobbe hos oss, noko som er lett å gløyme. Utfordringa vår ligg i å informere dei unge om alle yrkesgruppene som jobbar her og i den samanhengen er dette prosjektet viktig, fortel Ingrid Hovden Stava, HR-rådgivar utdanning- og kompetanseavdelinga i Helse Fonna.
– Vi
ønskjer også å gi eit anna bilete av sjukehuset enn kva dei kanskje har opplevd
som pasient eller pårørande tidlegare, slik at dei får eit innblikk i korleis
det er å jobbe hos Helse Fonna, fortset hoTysdag 14.mars fekk vi difor elevbesøk frå Vardafjell, Skeisvang, og Kopervik vidaregåande skole.
Samarbeid med Haugaland Vekst
Bedriftsbesøket i Helse Fonna blei organisert som ein del av pilotprosjektet I Haugaland Vekst for å rekruttere ungdommen som arbeidstakarar til regionen vår. I løpet av dagen skulle elevane vidare besøke Sjøfartsdirektoratet og Bouvet.
Konsulent i Haugaland Vekst, Rita Leinan, er glad for at Helse Fonna er med som ein del av prosjektet.
– Det er ein del av vår kompetansestrategi å gjere dei unge merksame på kva slags jobbmogleigheiter regionen har å tilby. Vi håpar at mange vel å «komme heim «til Haugalandet etter fullført studium, men ikkje alle kjenner til moglegheitene og dei ulike aktørane i regionen. Haugesund er jo ikkje den største byen, men det er utruleg mykje som skjer på Haugalandet. Vi må gjere bedriftene synlege for dei aktuelle jobbsøkarane, noko som også gjeld Helse Fonna, påpeikar ho.
Mangfald:
HR- teamet sett fokus på Helse Fonna som ein attraktiv aktør i samband med rekruttering av yrkesgrupper på Haugalandet. Frå venstre: Ingrid Hovden Stava, HR rådgivar, Linda Lie, HR rådgivar, Iris Nordmark, HR konsulent, og Rita Leinan, konsulent i Haugaland Vekst.Foto: Elisabeth Økland.
Breidde i yrkesgrupper
Elevane starta dagen med ein introduksjon om sjukehuset kor HR-teamet i Helse Fonna spurde om dei eigentleg veit kor mange yrkesgrupper som jobbar her? Det var tydeleg at fleire vart overraska over svaret. Ikkje alle hadde tenkt på at ein faktisk kan utdanna seg som samfunnsvitar og likevel få ein jobb i Helse Fonna. Logoped, portør, elektrikar, økonom, musikkterapeut – mogeligheitene er nærmast uendelege når det gjeld kor mange forskjellige stillingar som finst, noko som «dei unge og lovande» blei gjort merksame på.

Yrkesval:
Her kan du sjå ei oversikt over nokre yrkesvegar i
Helse Fonna som vart presentert for
elevane. Foto Elisabeth Økland
– For oss er det viktig å løfte fram helsefaglege yrke med stort rekrutteringsbehov som til dømes bioingeniør og difor var oppmøtestad for elevane utanfor Blodbanken i 5. etasje. Her fekk dei omvising og rettleiing av Anita Larsen, funksjonsleiar drift. Elevane som deltog i dag er over 18 år og kunne også velje å melde seg på som blodgivar, seier Linda Lie, HR rådgivar.

Omvising: Elevane fekk mellom anna ein introduksjon til laboratoriet og Blodbanken på Haugesund sjukehus. Frå venstre Anita Larsen, funksjonsleiar drift HF, Wiktor Cheba, Krzyzstof Manczak, Emma Risanger Skogland, og Eirik Ramsdal. Foto: Elisabeth Økland
Eit innblikk i arbeidskvardagen
– Anestesi er eit adrenalin- yrke. Det er vi som legg pasienten i narkose, og vi arbeider ofte med kritiske og akutte situasjonar. Når det gjeld utdanninga, så må du først gå sjukepleie og to år med vidareutdanning, seier Silje Anette Berning.
Turen er no gått vidare til SIM-senteret kor fleire av våre flinke medarbeidarar står klare for å vise nokre arbeidsoppgåver i praksis. 18-åringane er delt inn i 3 puljer og får prøvd seg fram på ulike stasjonar. Våre flinke medarbeidarar står klare for å hjelpe og svare på spørsmål.
Intubering: Elevane fekk prøve seg på anatomi og luftvegshandtering. Frå venstre Moey Svavarsdottir, Enrique Roman Heras Cano, Silje Anette Berning, anestesisjukepleiar HF, og Nina Sakseid. Foto: Elisabeth Økland

Kikkholskirurgi: Laparoskopi er ein kikkkolsundersøking av organ i bukhula. Elevane fekk eit innblikk i korleis det foregår ved å testa stimulatoren, noko som var stor stas. Frå venstre: Eirik Ramsdal, Sondre Mosdal, Krzyzstof Manczak, Emma Risanger Skogland, Trude Karoliussen, fagsjukepleiar akuttmottak HF, og Wiktor Cheba. Foto: Elisabeth Økland
– Det har vore ein veldig kjekk dag, seier Nina Sakstad. Sjølv ønskjer ho å studere arkitektur, men synest likevel at det har vore interessant å lære meir om moglegheitene i Helse Fonna.
Venninnene hennar er på si side på veg i ei helsefagleg retning. Eg vil gjerne bli jordmor, fortel Moey Svavarsdottir.Medan Koroline Søndenå vil jobbe som barnepleiar.
– Det har vore veldig kjekt å få en god introduksjon til sjukehuset og korleis det er å jobbe her, det kan godt vere vi sjåast som kollegaer seinare, kjem det frå ho.

Svært nøgd: Frå
venstre Karoline Søndenå, Moey Svavarsdottir, og Nina Sakseid er snart ferdige med 3.året på Vardafjell vidaregåande
skole og synest at det var lærerikt å delta på bedriftsbesøk i Helse Fonna. Foto:
Elisabeth Økland