Designelement
 

Pasient- og brukarombod 

Pasient- og brukarombodet arbeider for å ta vare på pasienten sine behov, interesser og rettstryggleik overfor helsetenesta og sosialtenesta og for å betre kvaliteten på tenestene.

Dersom du har hatt opplevingar i helse- eller sosialtenesta som du ønskjer å ta opp, kan du kontakte pasient- og brukarombodet i fylket der du bur. Pasient- og brukarombodet kan gi deg informasjon om dine rettar som pasient, brukar eller pårørande. Pasient- og brukarombodet kan hjelpe med å formulere og sende spørsmål vidare til rette instans.

Alle kan ta kontakt med pasientombodet, munnleg eller skriftleg. Det er òg mogleg å vere anonym. Bistanden frå Pasient- og brukarombodet er gratis.

Ombodet kan på eige initiativ ta opp saker som gjeld forhold i den offentlege spesialisthelsetenesta, seie meininga si om forhold som høyrer inn under arbeidsområdet og føreslå betringar.

 Les meir

Helse Fonna, Postboks 2170, 5504 Haugesund | Telefon: (+47) 05253 | Org. nr.: 983 974 694 | Send e-post
Nettredaktør: Eirik Dankel | Send e-post
Ansvarleg redaktør: Margareth H. Langebro
Helse Fonna er ein del av Helse Vest