Vår oppgåve er å gi pasientane trygge og gode sjukehustenester, med eit profesjonelt behandlingstilbod og omsorgsfull pleie. Ein viktig del av dette er å ivareta pasienten sine pårørande.
Rett til informasjon
Som pårørande kan du ha rett til informasjon om pasientens helsetilstand og helsehjelp. Desse rettane er regulerte av kapittel 3 i Lov om pasient- og brukerrettigheter. Det er pasienten sjølv som avgjer kven som skal få slik informasjon.
- Dersom pasienten ikkje kan ivareta eigne rettigheiter grunna psykiske eller fysiske forstyrringar, har næraste pårørande rett på den same informasjonen som pasienten sjølv har rett til.
- Er pasienten under 16 år har foreldre eller personar med foreldreansvaret rett på same informasjon som pasienten får. Pasientar mellom 12 og 16 år kan likevel be om at slik informasjon ikkje blir gitt.
Sjølv om du har rett til informasjon, er det ofte vanskeleg å hugse og forstå alt du blir fortalt og les. Ikkje ver redd for å be helsepersonell om å gjenta det dei har sagt, sei det på ein enklare måte, eller å be om meir informasjon. Det kan og vere lurt å notere ned tankar og spørsmål etter kvart som dei dukkar opp.
Når barn er pårørande
Helse Fonna er lovpålagt å ha eigne barneansvarlege som skal ivareta barna dersom foreldre blir alvorleg sjuke. Føretaket har to program:
Nokon å snakke med
Sjukehuspresten kan kontaktast når du treng nokon som kan lytte, eller er i ein vanskeleg livssituasjon der du treng å sette ord på tankar, opplevingar og kjensler.
Sosionom kan hjelpe med rettleiing i høve praktiske, økonomiske og sosiale problem.
Opplæring
Ei av kjerneoppgåvene til sjukehusa er å drive opplæring til pasientar og pårørande. I Helse Fonna er det lærings- og meistringssenteret som har ansvaret for opplæringa.