Svangerskapspoliklinikk
Alle kvinner innanfor vår region får tilbod om rutineultralyd med terminbestemming ved svangerskapspoliklinikken. Tilbodet er frivillig og det er eigen lege eller jordmor som tilvis deg hit.
Svangerskapspoliklinikken elles er for kvinner som får komplikasjonar i svangerskapet, eller som har gått gjennom tidlegare svangerskap med komplikasjonar.
Kvinner som har ein eller annan form for medisinsk sjukdom, og som treng ekstra oppfølging under svangerskapet blir òg tilvist til oss.
Ønskjer du å snakke med jordmor på grunn av tidlegare vanskelege fødselsopplevingar eller fødselsangst, kan det formidlast via oss. Du kan sjølv ringe og be om time.
Føde- og barseleininga
Dei fleste føder normalt, men vi er og godt forberedt til å ta imot deg som treng ekstra oppfølging og overvaking både før og etter fødselen. Dette gjer vi ved å selektere dei gravide inn i to grupper:
- Normal fødselsgruppe for dei som har vore friske både før og under svangerskapet
- Risiko fødselsgruppe for dei som har ein sjukdom som kan påverke svangerskap eller fødsel, eller som har hatt problem under svangerskapet og som derfor treng spesiell oppfølging under fødselen
Fødestover
Vi har fem fødestover. Fire av desse er like store, men har ulik farge på veggane. To av fødestovene har 120 cm brei rammemadrass i tillegg til fødeseng. Den eine av desse fødestovene er noko større, og har dessutan eit badekar. Du kan fritt få ønskje den fødestova du vil vere på under fødselen.
Ved komplikasjonar
Av og til er det svangerskap som ikkje utviklar seg heilt normalt. Det kan vere at fødselen startar før termin eller at blodtrykket stig. Då kan det vere at mor i kortare eller lengre periodar blir innlagt i avdelinga. Vi har to einerom og to tomannsrom som blir brukt til dette.
Fødsel
Fødselen er ein normal, fysiologisk prosess. Samtidig er det å føde ei samansett og unik oppleving. Det er eit arbeid - eit krafttak for kroppen.
Er fødselen starta?
Ta kontakt med oss når:
- Riene kjem med 5-10 minuttars opphald og aukar i styrke og blir meir smertefulle. Kvar ri bør vare om lag 40-60 sekund. Smertene er oftast lokalisert til mage og/eller rygg.
- Vatnavgang. Har du mistanke om at vatnet har gått skal du ta kontakt med oss, sjølv om du ikkje har rier.
- Bløding. Ein slimete bløding i samband med samantrekking er ein del av den normale fødselen. Ved alle friske blødingar skal du ta kontakt med fødeavdelinga, då vil du få snakke med ei jordmor.
Er du usikker på om fødselen er i gang eller du har spørsmål omkring fødselen, vil jordmor kunne gi deg råd og rettleiing.
Varigheit fødsel
Fødselen kan starte på ulike måtar. I dagane før fødselen kan du ha periodar med rier som gir seg igjen, for så å starte på nytt nokre timar seinare.
Slimproppen kan gå i løpet av dei siste vekene i svangerskapet, dette er normalt og er ikkje eit teikn på at fødselen er i gong.
Kor lenge fødselen varer er like individuell som opplevinga av den. Førstegongsfødande brukar som regel lengre tid enn dei som har født før.
Smerte
Erfaringar og holdningar i forhold til smerte (og syn på smerte i vår kultur) har betyding for korleis du taklar fødselssmerta. Smerta er individuell og vi har ulik tolegrense.
Det er viktig å førebu seg til fødselen. Svangerskapskurs kan gi nyttig informasjon. Kunnskap gir tryggleik, noko som påverkar tolegrensa vår.
Det finnes ulike måtar å førebu seg på, både fysisk og psykisk, til fødselen, som avspenningsteknikkar, avslapping til musikk, pusteteknikkar eller yogaøvingar. Mykje av dette kan ein sjølv øve på heime. Snakk gjerne med jordmor om råd og tips.
Far eller den du ønskjer å ha med deg under fødsel er ein viktig støttespelar. Fødselen er ei nær og intim oppleving, og vi anbefaler derfor at du ikkje har med deg mange.
Smertelindring
Vi kan tilby:
- Badekar
- Varme
- Massasje
- Akupunktur
- Steriltvasspapler
- Lystgass
- Epidural
- Pudendal (lokalbedøving i skjeden)
Barsel
Tida etter fødselen kallast barseltid. Dei første dagane av barseltida er det vanleg å vere på sjukehuset.
Har du hatt ein normal fødsel, eller har lyst, kan du vere på barselhotell i denne perioden. Her kan far, eller den du ønskjer vere med deg heile døgnet. Dei må betale ein fast døgnpris for opphaldet.
Dei første dagane
Desse første dagane etter fødselen er viktige for forholdet mellom mor og barn. Barnet treng mykje nærkontakt med både mor og far, og de skal lære å kjenne barnet sine uttrykksmåtar og behov. Derfor treng de å tilbringe mykje tid saman med barnet utan så mykje besøk frå familie og vener.
Vi anbefaler derfor at det berre er barnefar, barnet sine søsken og besteforeldre som kjem på barselbesøk mens de ligg på sjukehuset. Besøk bør dessutan skje i visittida. Barnefar er hjerteleg velkomen òg utanom visittida, men de må då vere i daglegstova.
Rettleiing og undersøkingar
Dei fleste har behov for hjelp til å starte amminga. Personalet vil rettleie deg både i dette og i praktisk stell av barnet. Etter fødselen har mange stort behov for å snakke om opplevinga. Jordmor tilbyr fødselssamtale før heimreise.
Barnelegar undersøkjer barnet ditt to gonger i løpet av barselopphaldet. Både du og eventuelt barnefar er med på desse undersøkingane.
Heimreise
Heimreisetidspunktet er som regel to til tre dagar etter ein vanleg fødsel. Opphaldet er oftast eit par dagar lengre etter eit keisarsnitt. Du kan sjølv bestemme kor lenge du vil vere innanfor desse dagane.
Barselpoliklinikk
Barselpoliklinikken er et tilbod til alle som har født.
Den første perioden etter ein fødsel oppstår det ein del spørsmål. Det som er relatert til fødsel og barseltida og amming, kan barselpoliklinikken ta seg av. Du kan bestille time før heimreise, eller ringe til fødeeininga for å avtale time i løpet av de første tre til fire vekene etter heimreise.
Hørselscreening av nyfødde
Hørselsscreening-undersøkinga blir gjort på nyfødde.